BLÅSEISOLERING

Nordfjord - Sunnfjord - Sogn - Sunnmøre

Kva er blåseisolering?

Blåseisolering er ein moderne, effektiv og rimeleg metode for å forbetre isolasjonen i nye hus og eldre bygningar utan store rehabiliteringar. Ved å blåse inn isolasjonsmateriale i alle holrom i veggar, tak og golv kan du spare tusenvis av kroner på oppvarming i framtida. I tilleg får du auka komforten i huset ditt.

 

Korleis fungerer blåseisolering? 
Isolasjonen blir blåst inn på loft, i veggar, tak og golv, og materialet fyller alle krikar og krokar. Det skaper eit jamt isolerande lag som held varmen inne og kulden ute. Perfekt tilpassa både flate og ujamne underlag.

 

Fordelar med blåseisolering for deg som huseigar

✅ Varmare hus – Bedre bukomfort

✅ Reduserte straumutgifter – Få ned oppvarmingskostnadene betrakteleg.
✅ Betre verdi på bustaden – Energibesparande tiltak aukar verdien på bustaden.
✅ Enklare energimerking – Isolering kan forbetre energimerket til bustaden.

 

Korfor velje blåseisolering frå Istand?

1. Kostnadseffektivt og energisparande

  • Blåseisolering er ein av dei billegaste og raskaste metodane for å betre energieffektiviteten i bustaden din.
  • Mindre varmetap betyr at du kan redusere straumforbruket betrakteleg, noko som gir lågare straumrekningar og rask inntening av investeringen.

2. Forbetra inneklima og bukomfort

  •  Ved å isolere mørkeloftet får du eit jamnare og varmare inneklima.
  • Mindre trekk og kuldestråling frå tak, veggar og golv.

3. Raskt og enkelt

  •  Arbeidet krev minimal førebuing og kan gjerast på kort tid, ofte på berre éin dag.
  • Ingen store byggetekniske inngrep – perfekt for både eldre og nyare bustader.

4. Miljøvennleg

  • Mindre energiforbruk betyr lågare CO₂-utslepp.
  • Isolasjonsmaterialet vi brukar, er både resirkulerbart og miljøvennleg.

 

Isocell er ein av fleire typar isolasjon vi kan tilby.

Ta kontakt for tilbod: 

 

SUNNFJORD OG SOGN:

Anders Kristian Sægrov

Tlf: 45004700

Post@istand.no

 

NORDFJORD OG SUNNMØRE:

Artur Konieczny

Artur@istand.no