Renovering

Nytt tak, etterisolering, nytt kjøkken og bad, oppussing og vedlikehald.

iStand utfører veldig mykje rehabiliteringsoppdrag, både utvendig og innvendig, som også ligg naturleg i firmanamnet. Vi utfører alt frå små timesoppdrag, til store totalrehabiliterings- og renoveringsoppdrag.

Vi har kvart år veldig mange takjobbar på bustader og landbruksbygg. Alle tak frå 70- og 80-talet er no modne for utskifting, eller ekstra oppfølging, for å være trygg på å unngå taklekkasjer. I nokre tilfeller er det nok å montere pipebeslag, eller med andre enkle tiltak, forlenge levetida på taket noko. Vi tilbyr også årlege takrunder med bytte av knust takstein, dette er anbefalt på alle tak uavhengig av alder.

Ta kontakt, så kan vi komme til ein gratis og uforpliktande taksjekk av ditt tak.

Vi kan utfører også mykje rehabilitering av kjøkken og bad, og andre innredningsarbeider. Viss kunden ønskjer det, tek vi gjerne på oss heile oppdrag som totalleverandør, og tilbyr då totale løysingar der vi får til ein effektiv koordinering og framdrift av dei ulike fagområda. Til fagområde vi ikkje utfører sjølve, nyttar vi anerkjente og flinke samarbeidspartnarar som vi veit gjere eit godt arbeid. Vi er fleksible på å dele opp arbeid, om kunden ønskjer å utføre noko som eigeninnsats undervegs.

Vi kjem gjerne til ei gratis synfaring om du ønskjer ei fagleg vurdering av noko, eller eit uforpliktande pristilbod på noko du ønskjer utført.


Litt av det vi har gjort:

Utvendig totalrenovering av ei lita hytte.

Tilleggsisolering og nye vindauger på ein eldre bustad.

Decra eleganse grafitt på eit eldre bygg.

Her er har vi lagt brukt skifer på eit bustadhus.

Montering av eit mindre grindverksbygg